INFO
Historikk:
Hardanger Symposium har vore arrangert kvar sommar sidan år 2000!
Prof. Johan Galtung har heile tida vore ein primærressurs og ein engasjerande innleiar for eit stadig aukande tal deltakerar.
Deltakartalet har auka jamt frå ca. 20 i 2000 til ca. 160-170 i 2006.
I 2006 var også prof. Ole Danbolt Mjøs og prof. Vidar Vambheim frå Universitetet i Tromsø med som foredragshaldarar.
Ole Danbolt Mjøs og Johan Galtung var også dugande paneldeltakar.
Tema og program dei forskjellige åra går fram av plakatane som vi har samla på under trykk-
knappen ”PROGRAM”.
Nokre karakteristiske stikkord:
1.Godt humør, mykje hugnad, nye vener og ny innsikt!
2.Ei samkoma for flest mogeleg sjølvtenkjande, frie og kunnskapsøkjande menneske!
3.Eit forum for aktiv TANKEDUGNAD M/ TANKEGNEISTAR
4.Ein forum pregar av NYE IDEAR OG TANKEFRØ MED GOD SPIREEVNE.
5.Dugande, kunnskapsrike og flinke føredragshaldarar/ innleiarar.
6. Brennaktuelle tema - grundige analysar - respektfullt samarbeid - god dialog – klar
kommunikasjon - klare tankar!
7. Djupkulturelle analysar gjerne med filosofisk- og religionsrelaterte tilbakeblikk etc.
8. Spontane og friske diskusjonar med frisk meiningsbryting " i ope lende"!
9. Eit forum karakterisert ved: Tankedugnad,Tankegneistar, Flygetankar, Hugskot, Idear, tankefrø
m/ god spireevne samt ”På strak arm-diskusjonar”.
10. Eit forum for sjølvtenkjande,frie og samfunnsengasjerte medmenneske i alle aldrar med variert
bakgrunn og forskjellig livserfaring! Altså: Ein stad for tankedugnad, tankegneistar og tankefrø
der akademikerar og ikkje-akademikerar møtest og lærer av kvarandre!
11. Fellesmål: Lærdom - Trivnad - Betra forståing - Auka innsikt
12. Godt humør!
Nokre ”ferske” tankefrø / tankestimulerande spørsmål:
S1.Mange er opptekne av og hegnar om "Vår vestlege kultur" - Kva går denne ut på og kvar går
grensene? (SK)
S2. Er eit nabosamfunn noko som bør berike tilværet vårt eller er det noko vi bør bekjempe? (SK)
S3. Kan livet i små språksamfunn, som det norske, verta negativt skipla p.g.a. avgrensinga i impuls-
tilfanget på vårt eige språk?
Jamfør det svært avgrensa volumet boktitlar som vert oversett til norsk og trusselen ved å leva i
ein "Informasjons-ghetto". (SK)
S4. Kan ein definisjon på "LIVET" vera: "EIN KOMMUNIKASJONSPROSESS"? (AHB)
S5. Om livet måtte kunne definerast som "EIN KOMMUNIKASJONSPROSESS", vil då ein definisjon
av eit menneske kunne vera:" EIT KOMMUNIKASJONSELEMENT"? (AHB)
S6. Kan klassisk ”bøn” og ”positiv målvisualisering” vera eitt og det same?
S7. Kva verdiar og haldningar er karakteristiske for SAMVITET til menneske som er fødde og
oppvaksne i samfunn som ikkje måtte vera påverka eller influerte av nokon ekstern kultur- eller
religionsimpuls? Jamfør eksepelvis folk på ei tenkt øy plassert "uendeleg" fjernt frå andre
sivilisasjonar.(AHB)
"SK" - Fritt sitert etter Sigmund Kambestad (84) "AHB"- Alf H.Brekke(56)
Nøkkelspørsmål/ Konklusjon frå samlinga 2005:
S5-1."Kvifor tenkjer og handlar vi som vi gjer?"
MÅL OG VISJONAR M/ VEDTEKTER DEL.1 (Konseptdok. HS1):Last ned word dokument her
_____________________________________________________________________________
Konseptdok. nr.: HS1
Hardanger Symposium
Mål og visjonar
Hardanger Symposium skal vera eit OPE, FRITT OG HEILT UAVHENGIG FORUM.
Det er eit mål å kunne vera eit forum for ymse aktuelle livs- og/eller samfunnsspørsmål som måtte ha ein grunnleggjande,
gjerne ålmen og global karakter.
Tema vil normalt ha sitt utspring i aktuelle hendingar, situasjonar eller djupkulturelle
analysar relatert til grunnleggjande, livsaktuelle spørsmål, fredsarbeid eller konfliktløysing.
Primære møte-/arbeidsmetodar vil vera samtalar, diskusjonar, tankedugnad, meiningsutveksling og anna tankestimulering i eit miljø prega av gjensidig respekt.
Gjennom aktiv deltaking er det eit mål at kvar einskild kan oppnå både kunnskapsvekst og auka innsikt til betre forståing av kvardagen og sentrale livsspørsmål.
VEDTEKTER Del 1 :
1.0 Hardanger Symposium er i ei alm. norsk STIFTING.
Jfr. http://www.lovdata.no/all/nl-20010615-059.html
1.1 Styret og alle eventuelle interne nemder skal vera utgjort av både kvinner og menn.
2.0 Tema, tid og stad for arrangement der Hardanger Symposium har ansvar skal baserast på vedtak i styret.
3.0 Normalt vert det å avtale samarbeid med tekniske arrangørar for handtering av dei praktiske oppgåvene.
(Dette avlastar initiativtakarane slik at dei får høve til å vera fullverdige deltakarar i tankeutvekslinga).
4.0 Stiftinga har eksklusiv rett til logoen ”Hardanger Symposium” og til det grafiske produktet som går fram av dei årlege plakatane som er nytta dei siste åra ,
f.eks. 2005.
5.0 Hardanger Symposium skal vera organisatorisk uavhengig, partipolitisk nøytralt,livssynsnøytraltog reflektere optimal fridom når det gjeld språk
og kommunikasjonsformer. Dette tyder at alle innspel og signal skal vera likeverdige uavhengig form. Dvs. full fridom frå tradisjonelle akademiske formkrav.
6.0 Innleiarar bør ha så variert bakgrunn som mogeleg, for på den måten å bidra til friske debattar. Det er eit mål med fleirsidig vinkling og at flest mogeleg
sine synspunkt kjem fram.
7.0 Normalt vil tema bli henta frå aktuelle hendingar, gjerne med internasjonalt format og ålmenn aktualitet. Det bør leggjast vekt på at alt startar på det
personlige plan og spreier seg derifrå. Dette, slik at deltakerane kan sjå si rolle i situasjonen og løysingsprosessen(ane).
8.0 Utveksling av frie, gjerne ”uferdige tankar” og meiningar skal vera ein sentral del i alle arrangement.
9.0 Det er eit sjølvstendig mål å få til eit stimulerande og byggjande samspel mellom folk med forskjellige
yrke og variert livsrøynsle. Dialog, tankedugnad og økter med frie, humørprega tanketorg vil
vera naturlege verktøy til bygging av nye meiningar og gjerne for revidering av etablerte oppfatningar.
10.0 Alle som vil kan delta og alle skal vera velkomne med æra!
Ljonestangen - 31.12.2005
NB! Om nokon måtte ha merknader, forslag til tillegg eller kommentarar er det flott om De sender oss
nokre linjer eller om De "slår på tråden"!
Pr.E-post: hardangersymposium@gmail.com
Pr. post: Hardanger Symposium c/o Alf H.Brekke,Tangavegen 280, 5620 Tørvikbygd
Telefon: 91894757 . Telefaks: 56558390
____________________________________________________________________________